Som ein ensom mann sitt'n i ein bar.
Drekke' whisky og spelar sin gitar.
Elle der veit hen reisa hans vi' gå:
Drekke seg drita - kjøre bil etterpå.
Jenta hannoms kom innom og sa:
"Eg bli' så lei a' å våke over deg.
Du tenker elt færr mykje, men ikkje nok på meg.
Jævla stut; e' detta det du vi':
Vera sørgleg med flaska di?"
Ska' eg sitta att eller ska' eg gå?
Kanskje tek eg bilen og kjører her i frå.
Ska' eg høre på hått jenta mi sa
og færr ein gongs skuld gjæra ho litt glad?
Han sett att glaset og pakkar sin gitar,
og tenker på ho heime at ho aller fekk et svar.
Og som ein ensom mann gjeng'n gatelangs;
ska' te' å krysse vegen og tek med det ein sjans.
Lenger opp i vegen kjem ein an'a ensom mann
som ikkje va' fornuftig slik som han.
Som et offer ligg'n ved et tre.
Ryggen vender oppover og fjeset vender ned.
Elle der veit hen reisa hans vi' gå:
Seks fot onder med trefrakken på.
Eg hugsar ikkje stort frå da lyset blei slått a'.
Eg kjente ikkje mykje, men eg hugsar hått ho sa.
Nå kjem eg ikkje heimatt alikavæl i nått.
Og eg som ville vise at nå hadde eg forstått.
Som ein engel i sjela hannoms dreg
svevar'n over skyun og ser ned på ein veg.
Og der ved vegen der ligg ein ensom mann
ihælkjørt a' ein an'ein som konne vore han.
Nå ligg eg her i kista og sev i evig tid.
Lokket det blei spikra att a' skjebnens ironi.
I fengselet i ei celle der sitt ein ensom mann
som aldri meir fær sova - eg konne vore han.