Eg orkar ikkje kava med høyet,
eg gidd ikkje køyra det inn.
Høyet er tørt og snart er det mørkt,
kom og sett deg i armkroken min.
Sett deg armkroken min,
sett deg i armkroken min.
Så legg vi kabal til natta blir sval,
kom sett deg i armkroken min.
Far din likar meg lite.
I dag blei eg jaga på dør.
Eg har ingen gard, men far din han har
og du er som nykjærna smør.
Så sett deg armkroken min,
sett deg i armkroken min.
Så legg vi kabal til natta blir sval,
kom sett deg i armkroken min.
Tenk om eg hadde hatt odel
og far din ikkje var så stri,
då kunne eg kjøpt meg ein Opel
og du kunne blitt jenta mi.
Så sett deg armkroken min,
sett deg i armkroken min.
Så legg vi kabal til natta blir sval,
kom sett deg i armkroken min.
Så sett deg armkroken min,
sett deg i armkroken min.
Så legg vi kabal til natta blir sval,
kom sett deg i armkroken min.