Nokon er bundne av gamle postulat
om at alt skal vera vanskeleg å få på eit fat
Det er eg og
Nokon ser jæklar bak kvar ei gåve
og planlagt sjølvelsk bak kvart eit ord
Det gjer eg og
Og ondskapen rår i det meste
og flaks er eit ord ute av bruk.
Og meininga er alltid den verste
og når du ser sjansen så er han på veg ut
Men så stod der ein fuggel i karmen
og han nappa i fjører og sa:
Du er glad når eg syng litt? sa fuglen.
Og jaggu var det akkurat det eg var.
Nokon er bundne av gamle visur
om at ingenting kan dei, og ingenting dei er.
Det er eg og.
Nokon er løynde bak eit skjold av angst,
og mæler om andre og deira inkompetanse
Det gjer eg og.
Men når dei sjølve skal stå fram bak skjoldet
og gjera noko frampå sjølve.
Ja då nektar dei og vil ikkje, kan ikkje og vil ikkje,
men kjenner kven dei eigentleg er
Men så stod der ein fuggel i karmen
og han nappa i fjører og sa:
Eg er god til å synge sa fuglen
Og jaggu var det akkurat det han var
Å tru verst om alle, hell å ikkje tru seg til.
Det er vondt om det hadde vore så gale.
Men å skjule forventing og skjule det du kan
for å tekkas den almenne malen.
Då bryt ingen ut, og alt blir som før.
Og gamalt blir alltid best!
Men så stod der ei jente i larmen
på gata, forkledd som ein fugl.
Og ho sa Eg er ei jente i forklenning
Men ingen høyrde det den vesle jenta sa.
Så ingen såg kva den vesle fuglen var.