Født i ei episode som kallast denne tid
og sjenkast så litt tid og rom og sidan er du fri
fri til brukeviti ditt hell te å trø det bort
og sidan fri til velge det du fyri skulle gjort
Og frykt ikkje for tida du heve gode tid
Tid til finne vegen din og tid til gjera'n vid
Tid til gjera deg ein floke hell to tre fleir
og sidan tid te grunne over løysinga på dei
Vind, sjå opp for vindar
Vind, sjå opp for vindar
Vind, sjå opp for vindar
Vind, sjå opp for dei
Berre eit lite vindkast;
så er du ikkje meir
Velkomen skal du vera om grunnen er av sand
som synest som eit avhol om du undrast liti grand
Så finn du vel din eigen ideologi
og heidrar alle folk som passar støypeforma di.