GRYTA HENNAR MOR
Tekst: John Ljosland
Melodi: Monrad Holm Johnsen
Blandt ljose borneminne
er gryta hennar mor
ho står på gamle tomter
der ville blomar gror
Ho er nok slitt av sleiva,
av rust og tidas tann
men ingen kan fortelja,
som gamlegryta kan.
Gryta hennar mor,
Gryta hennar mor
Blandt ljose borneminne,
er gryta hennar mor
No er det lenge sidan, og mange år er gått,
far og mor er burte, si kvile har de fått.
Men enda kan eg høyra, ståket kring vårt bord,
då alle skulle mettast av gryta hennar mor.
Gryta hennar mor,
Gryta hennar mor
Blandt ljose borneminne,
er gryta hennar mor
Og gryta kan fortelja om gode snille far,
som gjenom tunge tider, si bør til gryta bar.
I slit for mange ungar, i solskin som i frost.
Om den som signar maten, sjøl fattigmannens kost.
Gryta hennar mor,
Gryta hennar mor
Blandt ljose borneminne,
er gryta hennar mor
Eg høyrer fuglen syngja,
som dengong vi var små,
og himlen er den same,
evig ung og blå.
Men blandt dei såra minna,
det er ei glede stor,
for Gud har planta blomar
kring gryta hennar mor.
Gryta hennar mor,
Gryta hennar mor
Blandt ljose borneminne,
er gryta hennar mor.