Det er så kaldt her
vinden tok mine siste lauv
ormen gneg i grunna
kvasst eg eldest
Elden som tek - Liv
Elden som gjev - Liv
Djupt or djupet
Hjerte hamrar
Djupt or djupet
Hjerte slår
lik stein slår gneist
slår gneist til bringas
brisingeld
til hug og blod
Hjarter hamrar
Røkkidimma døljer
det auge kan sjå
Og vegen eg følgjer
og dei spora eg trår
er kalde, så kalde
Vel er komen
Svelt ikkje meir
I svolt er funne
Naud min eld
Vel er komen
Treng ikkje meir
I trong er vunne
Naud min eld
Vel er komen
Brenn ikkje meir
I eld er vunne
Naud min eld